Liv Signe Navarsete på Senterpartiets Landsmøte 2013

Liv Signe Navarsete’s tale på Senterpartiets Landsmøte 2013 viser en real engasjert erkjennelse av samfunnsutfordringene. Uvanlig er det å se og høre at noen, og da særlig blant politikerne, oppskatter sannheten som noe meget større enn makten. Det opplever jeg at Navarsete gjør.

Utdrag fra talen:

«Før valet til hausten spelar Senterpartiet på ny ei viktig rolle. Me er viktige fordi me i regjering frontar kampen mot systemtvang. Systemtvang oppstår når enkelte system og tankesett får styre fritt. Når enkelte krefter sit med definisjonsmakta, med einerett på å leggja føringar for samfunnsdebatten. Systemtvangen finn me på alle nivå i samfunnet. Trugsmålet ligg i systemtvangen. Den må møtast med motmakt. Senterpartiet er den motmakta i norsk politikk. Ei motkraft der andre flyt med straumen. Men systemtvang finn me på alle nivå. Ikkje minst globalt. Noko av kjelda er den økonomiske teorien som sidan krigen har fått utvikla seg til einetanke, utan rom for alternative idear».

«Økonomar som ikkje skjønar at realøkonomi og finansøkonomi må hengja saman. I dag veit me at verdas største finanskonsern i årevis levde i si eiga verd, med eigen logikk. Heva over lover og reglar – og langt forbi ein kvar grunnleggjande moral. Gav lån til folk som absolutt ikkje hadde råd til renta. Samansette sparetiltak. Så kreative – så kompliserte – at ingen eigentleg forsto dei. Rundlurte folk. Og norske kommunar. Resultatet vart ei finanskrise. Seinare ei økonomisk krise. Store delar av verda slit no med arbeidsløyse, velferdskutt og sosial uro. Korleis kunne det skje? Korleis kunne me la det gå så langt? Svaret er systemtvang. Ein einerådande ide om at marknaden kan løyse alt, at den er sjølvregulerande. Nyliberalismen vann definisjonsmakta. Me i Senterpartiet veit at terrenget ikkje passar overeins med eit teoretisk, ideologisk kart».

«Dei balanserte løysingane er best. Marknad og handel er naudsynt, men marknaden må korrigerast. Finansøkonomien er ingen fiende. Den trengst, for å underbyggje realøkonomien.Problemet er at nyliberalismen ikkje ser skilnad på finansøkonomi; pengar, aksjar, fond – og på realøkonomi; dei konkrete produkta, faktiske varer og tenester. I nyliberalismen er alle varer like i jakta på profitt. Mat og jord, vatn eller sosiale tenester ? alt har ein pris på ein marknad. Men me veit at ein slik marknad, om han ikkje vert korrigert, er blind for sosial utjamning. Blind for internasjonal rettferd, for distriktsomsyn eller mattryggleik og beredskap. Det vert ein politikk som er historielaus og farleg. Systemtvangen gjennomsyrer trendane rundt oss og dei internasjonale organisasjonane, som EU, EØS og WTO. Det er tunge krefter».

«Eg tykkjer òg det er interessant å sjå korleis unionen som politisk system prøver å løyse dei økonomiske problema. Handlingsmønsteret deira stadfester kjernen i vår kritikk av EU. Eg meiner me ser ein systemtvang også i måten EU responderer på. Svaret deira er retta mot finansøkonomien, ikkje realøkonomien. Og svaret deira er meir elitestyrt politikk utan forankring i folket. Mens elitane trekkjer inn på vinslott for å drøfte løysingar, trekker folket til gatene for å bli høyrd. Me ser systemtvangen i debatten i kjølvatnet av 22. juli. Korleis rapporten frå kommisjonen blir misbrukt som grunnlag for å presse fram sentralisering. Det skjer sjølv om det ikkje står noko som helst i den rapporten som underbyggjer ei slik tenkjing eller slike framlegg».

Hele talen kan leses her: http://www.senterpartiet.no/meny-forside/sp-i-regjering-endrar-noreg-article80480-12919.html

Om admin

Å ha mot til å være en av dem som tør å være med på å danne en opinion mot den utvikling som er i ferd med å skje, er avgjørende.
Dette innlegget ble publisert i samfunn og politikk og merket med . Bokmerk permalenken.